
Kva skjer nå?
Når nokon av våre døyr, blir endringa stor for dei som står nærast. Det er mykje som må planleggjast. Då kan det vere trygt og godt å få hjelp av nokon som kan bidra med støtte og rettleiing etter behov og ønskje.
Vi har lang erfaring med tilrettelegging av seremoniar slik at dei pårørande får det etter sine ønskje.
Bisettelse – Kremasjon
Bisettelse er ein seremoniform der kista blir transportert til krematorium etter seremonien. I Fusa og Samnanger vert Møllendal krematorium i Bergen benytta, men vi har òg Odda krematorium ved seremonier i det næraste området der. I kyrkjelege bisettelser blir det jordpåkasting etter talen til presten i kyrkja, medan det i gravferder skjer jordpåkasting ved grava. Ei tid etter kremering blir familien informert om at det er tid for urnenedsetjing, og dei kan då ha ei stund ved grava saman. Nokon vel òg å ha med prest eller ein annan seremonileiar.
Gravferd
Gravferd er ein seremoniform der kista blir transportert til grava etter seremonien og deretter senka i jorda. Ved seremonirom og kyrkjer der gravplassen ligg i nærleiken, blir kista boren til gravstaden. Ved lengre avstandar blir kista frakta med gravferdsbilen, og det blir køyrt i kortesje til gravplassen, der gravfølgjet går bak bilen saman med presten eller seremonileiaren. På gravplassen blir det halde ei fin stund saman med gravfølgjet, med songar, moglegheit for å leggje blomar rundt kista og ta eit siste farvel.
1. Samtalen
Ønskjer du ein planleggingssamtale med oss, kan den takast over telefon, i våre lokale eller heime hjå deg.
I samtalen snakkar vi om dykkar ynskje for seremonien, val av seremonirom, henting av den avdøde og val av kiste, offentlege papir som må fyllast ut og signerast. Elles val av blomar, dødsannonsar, programhefte og andre ynskje.
Våre gravferdskonsulentar har lang erfaring og er her for deg.
2. Etter samtalen
Etter planleggingssamtalen startar vi organiseringa av seremonien.
De får korrektur frå oss på blomehelsingar, dødsannonse og programheftet.
De får òg tilsendt eit detaljert prisoverslag med dei tenestene og varene som er valde, så snart som mogleg etter planleggingssamtalen.
Dette vert vanlegvis sendt via e-post.
3. Seremonidagen
På seremonidagen ordnar gravferdskonsulentane våre alt klart i seremonirommet.
Det er vanleg at dei næraste pårørande kjem ei lita stund før seremonien startar og får litt tid åleine i seremonirommet på førehand. Dette kan avtalast med byrået.
Dersom ein skal vere delaktig i seremonien med musikkinnslag eller liknande, blir dette avtalt på førehand med prest/seremonileiar, byrå og eventuelt organist.
4. Etter seremonien
Etter seremonien vil du få alle kort frå blomahelsingane, samt eit eksemplar av programheftet.
Det er òg mogleg å sende ut takkekort gjennom vårt trykkeri.
På grava vil vi ordne med eit venteteikn som står der medan ein ventar på oppføring av ny gravstein. Gravstein kan de bestille gjennom vårt byrå
eller direkte hos vår samarbeidspartnar på gravstein.
Om du ønskjer å gje oss ei tilbakemelding, er vi svært takksame for det.
Sorg
Det å miste den vi er glad i, er noko av det vanskelegaste ein opplever i livet.
Midt i sorga er det mange praktiske oppgåver ein må ta stilling til.
Lytt til dykk sjølve og kvarandre, bruk tid og lat avskjeden med den kjære bli slik de ønskjer. Nokre har behov for å gjere mykje, medan andre ikkje ønskjer det.
Mange ting skal erfarast og ordnast, og avgjerder må takast i tida som kjem.
Vi har lang røynsle med å møte menneske i sorg. Vi rettleiar gjerne om moglegheitene og kan gje gode råd og tips undervegs.
Seremonirom
På seremonidagen ordnar gravferdskonsulentane våre alt klart i seremonirommet.
Det er vanleg at dei næraste pårørande kjem ei lita stund før seremonien startar og får litt tid åleine i seremonirommet på førehand. Dette kan avtalast med byrået. Dersom ein skal vere delaktig i seremonien med musikkinnslag eller liknande, blir dette avtala på førehand med prest/seremonileiar, byrå og eventuelt organist.
Seremoni i kyrkje
Døden kan vere vanskeleg å handtere. Det å miste nokon er tungt å ta inn over seg, og gravferda gjer døden og skiljet meir konkret. Det å samle seg rundt kista for å ta farvel, er ofte eit viktig steg i sorga.
Mange finn trøyst og hjelp i gravferdsgudstenesta i kyrkja. Her er det rom for gråt og klage, men òg takk for dei gode minna.
Når ein er medlem i Den norske kyrkja, får ein bruke kyrkja kostnadsfritt, samt organist og gode samtalar med presten.
Oversikt kapell og kyrkjer:
-
Kirken i Fusa er nevnt i Bergens kalvskinn. Prestegården er nevnt i 1325 i forbindelse med at Ragnhild Trægagås tilsto kjetteri der (DN IX, 93). Sognet er nevnt flere ganger i 1400-talls kilder. Sannsynligheten taler for at middelalderkirken i Fusa var en stavkirke. Kirken hadde en d¢pefont av kleber som kom til Bergens museum. Den var firsidet med skrånende, rette sider («Dagen», 2. april 1962).
Den nåværende Fusa kirke ble bygget på samme sted som kirken som brant i 1959. Den ble vigslet 2. september 1962. Arkitekt var Ole Halvorsen. Kirken ligger på sletten nedenfor gården Opsal, ca 100 m fra sjøen sørvest for den gamle fergekaien. Den er oppført i armert betong med innvendig isolasjon av siporexplater. Utvendig og innvendig pusset. Takkonstruksjonen er utført i stål. Taket er tekket med røde glasserte panner.
-
Den nye kyrkja i Hålandsdalen ligg lengre aust enn den gamle på eit høgdedrag, Eidesleite, mellom Gjønavatnet og Skogseidvatnet. Kyrkja vart oppført i 1890 etter teikningar og under leiing av byggmeister Karl Askeland og vart vigsla av biskop Fredrik Hvoslef 20.11.1890. Grunnarbeidet vart utført av Gjert G. Hammersland.
Kyrkja er ei treskipa langkyrkje tømra opp i furuplank med skip under saltak og smalare, lægre kor i aust, avslutta ved tre sider av ein åttekant under valma tak. I hjørna mellom skip og kor er det bygt til dåpsventerom på nordsida og sakristi på sørsida i bindingsverk under pulttak. Eit firkanta tårn er bygt inntil vestgavlen i skipet. Skipet er 13,16 m langt og 9,2 m breidt. Koret er 5,9 m langt og 6,6 m breidt. (Jubileumsskrift s. 20.) Taka er tekte med skifer. Veggene er utvendes kledde med liggjande panel. Kvar av langveggene i skipet er delte i fire felt ved innkassingar for opplengjer. Nedst er veggene avslutta ved vatnbord over grunnmur av naturstein. Kyrkja er kvitmåla. Fotografi av kyrkja (M.Selmer, 1894) viser at kyrkja opphaveleg må ha vore måla i ein annan farge med kvitt listverk. Til 75-årsjubileet i 1965 vart det utført omfattande fargerestaurering innvendes i kyrkja etter planar av arkitekt Rolf Rohde. (Jubileumsskriv, s. 21.) I 1978 vart det etter teikningar av kommuneingeniør Karsten Boge bygd toalettrom på nordsida og bårehus på sørsida av tårnfoten, i bindingsverk under pulttak, og eit større overbygg under saltak over ny mura inngangstrapp i vest.
-
Sentralt plassert i Strandvikjo er Strandvik kyrkje eitt av dei tydelegaste innslaga i bygdebiletet. Kyrkja vart vigsla 15. november 1857 og erstatta då den førre kyrkja, etter at nye byggjelover stilte krav om storleiken på kyrkjene. Kyrkja me har no, er den største i heile Fusa sokn, med plass til rundt 460 personar alt i alt. Dei fyrste åra den stod, var den privat eigd, men frå 1. januar 1870 stod den under Strandvik soknestyre sitt eige. I dag plar kyrkja ha gudsteneste ein gong i månaden.
Altartavla er måla av C. Christiansen, og er ein kopi av eit Rubens-maleri. Ho viser Jesus i det han blir teken ned frå krossen, med sitat frå Johannes 1,29: "Se det Guds Lam, som bærer Verdens Synd". Rundt altaret har kyrkja òg glasmåleri med sitat frå likningane om såkornet (venstre side) og den gode hyrdingen (høgre side).
Rett utanfor kyrkja ligg Strandvik kyrkjegard, men gravplassen som er mest i bruk i Strandvik er Aakre gravplass, som ligg nærare barneskulen.
-
Sundvor kapell ble bygget i 1927. Det er tegnet av arkitekt Erlend Tryti. Kapellet ble påbygget i 1980. Det har 230 sitteplasser.
Kapellet ligger på Sundvor, ved innløpet til Lygrepollen, i bakken på oversiden av fylkesveien. Det er en enskipet langkirke med et lavere og smalere rettavsluttet kor i øst. I forlengelsen av koret ligger et sakristitilbygg med samme bredde som koret, men med lavere takhøyde. Det inneholder prestesakristi i søndre del og dåpssakristi i nordre del. Vestre del av skipet er avdelt i full bredde og fungerer som våpenhus med hovedinngangsdør i sørvegg inn til gang og trappeløp som fører opp til skipets vestgalleri. Vest for våpenhuset er et lavere tilbygg fra 1980 føyet til den opprinnelige kirkebygningen. Det inneholder bårerom, gang og toaletter. Over skipets vestre del står en tårnrytter med inntrukket, firsidet, spiss hjelm og spir med kule, stang og vindfløy med årstallet 1926 i gjennombrutt arbeid, samt kors i smijern.
-
Sævareid kapell ble bygget som gravkapell i 1956. Arkitekt var Anders Nordtvedt.
I 1961 ble kor og sakristier bygget til etter tegning av Nordtvedt, og bygningen vigslet som kapell. Et eget, frittliggende bårehus ble bygget nord for kapellet i 1986.
Kapellet ligger i lien ovenfor gården Henanger ved veien fra Sævareid mot Keilen. Det består av skip og lavere kor som er flankert av sakristier. Skip og kor har høye saltak. Skipets tak har brattere takvinkel enn kortaket. Bygningen ligger i bakkehellet med høy, støpt grunnmur under skipets gavl som vender mot vest. Den er oppført av bindingsverk med stående kledning utvendig. Takene er tekket med lappskifer. Over skipets vestre del står en liten tårnrytter med firsidet, pyramideformet hjelm som er tekket med kopper. Skipets sørvegg har tre høye, smårutede vinduer mens nordveggen er uten vinduer. Vindu i vestgavlen over kirkens hovedinngang som er forskjøvet noe mot sør. Koret har et lite vindu i sør- og nordvegg.
Skip og kor er uten loft så rommene er åpne opp til yttertaket som er underkledd med stående panel. Langveggene i skipet har stående panel. De er inndelt i fire fag ved tre par strekkfisker. Mellom østre og midtre strekkfiskpar spenner jernstag tvers over skipet. Overgangen vegg/tak er markert av en tretrinns gesims. Koret har liggende panel. Korbue i korets fulle bredde. Korbuevangene skråner svakt innover oppad og bærer spissgavlet overdekning kronet av kristogram. Tregulv med ett trinn opp til kor.
-
Kirkebygningen er ikke omtalt i middelalderkilder, men presten i Samnanger nevnes i Bergens Kalvskinn. Kirken eksisterte høyst sannsynlig lenge før den tid og var sikkert en stavbygning. Den kan ha stått frem til 1652 da den ifølge regnskapene ble "opbygt aff ny". En serie på seks bemalte ruter med årstallet 1614 som ennå finnes i den nåværende kirke (se nedenfor), kan stamme fra stavkirken og vitne om at den på denne tid kan ha fått vinduer.
Kirken fra 1851
Kirken ligger på Ådland (Årland) i Samnanger på en flate like ved riksveien, ca. 250 m fra fjorden. Ifølge tradisjonen skal middelalderkirken ha stått "litt nedenfor" stedet hvor den nåværende kirke står (Nils Lauvskard).
Bygningen
Nåværende kirke ble bygget i 1851. Arkitekt var cand. theol. Andreas Grønning og byggmester var ifølge opplysninger i Riksantikvarens arkiv Johannes Øvsthus fra Hosanger, mens Nils Lauvskard (1951) oppgir at E. Leivestad var byggmester. Et sakristi ble bygget til koret i 1908 eller 1910, og tårnet ble ombygget i 1907. I forbindelse med 100-års jubileet i 1951 ble interiøret noe forandret. Dette arbeidet ble planlagt av arkitekt Ole Landmark. Kirken har treskipet langhus, rettavsluttet, kvadratisk kor med et tilbygget sakristi i forlengelsen mot øst, og et lavt tårn i vest. Midtskipet er ca. 7 m bredt og 17.5 m langt innvendig målt. Sideskipene er ca. 3.3 m brede, mens koret måler ca. 7 x 7 m. Tårnfoten er ca. 3.3 x 3.7 m.